Velkommen til Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Nesset Fjellstyre

Nesset Fjellstyre forvalter Eresfjord og Vistdal Statsallmenning, i alt 214 km2 høgfjell i Nesset kommune, Møre og Romsdal fylke. Statsallmenninga grenser til Eikesdal Sameige på begge sider av Eikesdalen, Vike og Hoem Heimraster og mot Rauma, Sunndal og Lesja kommuner.

Verneområde

Statsallmenninga er verna gjennom Dovrefjell/Sunndalsfjella Nasjonalpark, Dalsida og Eikesdalsvatnet Landskapsvernområder og Torbudalen og Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen biotopvernområder. Hovedformålet med vernet er å ivareta reinen og reinen sine leveområder.

Klima

Landskapet er dominert av tørt klima med kupert høgfjell i sør, medan det mot nord er meir kystlandskap med høge tindar, bratte fjellsider, isbrear og meir nedbør. Ved Aursjøen fell det omlag 660 mm nedbør i året.

Adkomst

Ein kan koma inn i fjellområdet via Aursjøvegen frå Eikesdal til Sunndal, eller anleggsvegen frå Stuguflåten til Mardalsbotnen. Vegane er opne frå 1. juni til 30. november, men om hausten kan vegane verta stengt tidligare på grunn av snøfall.

Overnatting

Aursjøhytta, Kristiansund og Nordmøre Turistforening si hytte ved Aursjødemninga. Betjent i sommersesongen, ubetjent resten av året. Nesset Fjellstyre si hytte ved Aursjøen og hytta på Kaffihaugen i Stordalen (2-3 t. gange).

Fauna og kulturminner

Området har eit rikt fugle- og dyreliv, og mange gode fiskevatn. Villrein kan ein treffe på overalt, og er ein heldig kan ein sjå moskus, fjellrev og jerv.  Området er rikt på gamle kulturminner frå jakt og fangst. Arkeologar har stadfesta at dei fyrste menneska som busette seg i landet vårt jakta rein her for om lag 11.000 år sidan.

 

 

Kart over fellingar i Snhetta 2017

For den som er interessert legg vi ut eit kart som syner kvar reinsdyra i Snøhetta vart felt i 2017. Må ta atterhald om at jegerane har oppgitt rett posisjon for felling. Nesset gult, Lesja raudt, Rauma lilla, Oppdal grønt, Dovre blått, Sunndal svart farge

Ungdomsgaranti, reinsjakt.

Som eit tiltak for å auke rekruteringa av yngre jegerar har Nesset Fjellstyre gjort vedtak på at alle godkjente fyrstegangsjegerar, til og med det året dei fyller 20 år, skal få tildelt eit reinskort på kalv i Snøhetta vest.

Dette under føresetnad av at dei ikkje vert trekt ut med anna kort under ordinær trekking.

Endring av fiskereglane

Nesset Fjellstyre har gjort vedtak på å endre nokre av fiskereglane i Eresfjord og Vistdal statsallmenning. Dette vert gjort med verknad frå og med 2018.

Fisketid:

- Det er lov å fiske med stang og handsnøre i alle vatn heile året.

- Garnfiske og bruk av oter er lov frå 1. juni til 15. september.

- Det er lov å setje ut kroker for fangst over natta.

Isfiske:

- Isfiske er lov i alle vatn.

Fram til no har har det vore lov å fiske frå 1. juni til 10. september.

Søknadsfristen for reinsjakta 2018 vert endra frå 1. juni til 1. MAI

Nesset Fjellstyre har på styremøte 24. oktober 2017 gjort vedtak om at søknadsfristen for reinsjakta 2018 vert 1. MAI. Tidligare har søknadsfristen vore 1. juni.

Nesset Fjellstyre har gjort dette vedtaket for at det skal vere same søknadsfristen som i dei andre fjellstyra i Snøhetta. Ein jeger som søkjer på reinskort fleire stader kan då betre vurdere kva kort ein ynskjer å ta ved. Jegerar som får tildelt kort får og betre tid til å ta skyteprøva. Nesset Fjellstyre voner med dette og at vi slepp å bruke so mange av dei søkjarane som står på reserveliste.

Fellingsresultat reinsjakta 2017 i Snøhetta

Fellingsresultatet for reinsjakta 2017 i Snøhetta er klar. I heile Snøhetta vart det felt 620 dyr av ein kvote på 1200 (1000 dyr på aust, 200 dyr på vest). Det gir ein fellingsprosent på 51,67 %.

Felling på 55,07 % i Nesset under reinsjakta 2017

Under årets reinsjakt vart det ei felling på 55,07 % i Nesset, Snøhetta vest. I alt vart det felt 38 dyr av ein kvote på 69 dyr. På Eresfjord og Vistdal Statsallmenning sitt austområde vart det felt 2 dyr av ein kvote på 6 dyr. Det gir ei felling på 33,33 %.

Ser ein på dei ulike rettshavarne i Nesset på vest vart det felt 17 av 31 dyr i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning (54,83 %), Vike og Hoem Heimraster 5 av 8 dyr (62,5 %), Øverås og Nerås grunneigarlag 1 av 3 dyr (33,33 %) og på Eikesdal Sameige 15 av 27 dyr (55,56 %).

Ny infotavle ved Aursjødammen

Nesset Fjellstyre har tatt initiativet til å setje opp ei ny infotavle ved Aursjødammen. No er den komen på plass. Arbeidet er utført av Arkeoplan på Molde. Fylgjande har bidrege med å få tavla finansiert: Statskog, Eikesdal Sameige, KNT, MRT, Villreinnemda, Dovrefjell Nasjonalparkstyre, Sunndal Fjellstyre, Eikesdal Settefiskanlegg, Nesset Kommune og Nesset Fjellstyre. Alle desse har fått plassert ynskjeleg informasjon på tavla. Ei flate er avsett til informasjon om villreinen i Snøhetta. Etter kvart vil to sitjebenkar og koma på plass.

Nesset Fjellstyre opnar for småviltjakt i 2017

Nesset Fjellstyre gjorde på styremøte 9. juni vedtak på at dei vil opne for småviltjakt i 2017. Som kjent vart småviltjakta i 2017 stengt p.g.a lite ryper. Styret vil opne for jakt frå 18. september til 23. desember.

Trekking av reinskort i Eresfjord og Vistdal statsallmenning 2017

Her er resultatet av trekninga av reinskort i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning 2017. Trekninga vart gjort på MS Mardøla under Nesset Fjellstyre sitt årlege jaktcruise. Som vanleg var det full ferge og god stemning.På cruiset var det og eit foredrag av Roy Andersen om skrantesjuke på rein. Skræmande utsikter for reinen og hjortevilt generellt dersom denne sjukdommen får spreie seg utover.

 

Snøhetta vest.

Liten auke i jaktkvoten på rein i Snøhetta vest

På årsmøtet i Snøhetta villreinutval vart det bestemt at jaktkvoten på rein i Snøhetta vest skal auke frå 180 dyr til 200 dyr. I Snøhetta aust vert kvoten minka frå 1100 dyr til 1000 dyr.

Sider

Abonner på Nesset Fjellstyre RSS
Adresse: Nesset Fjellstyre, 6470 Eresfjord
Mob. sekr./oppsyn: 41417374

 

Bankkonto: 4106.63.05544
Org.nr: 975 724 506

Heimeside: www.nessetfjellstyre.no
​E-postnesset@fjellstyrene.no