Nesset Fjellstyre

Nesset Fjellstyre representerer allmenheten i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

  • Hytteutleige. Utleige av hytter ved Aursjødemninga og på Kaffihaugen i Stordalen.
  • Fiskekort. Det er omlag 45 fiskevatn i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning.
  • Småviltkort. Vi har salg av småviltkort for jakt både med og utan hund.
  • Reinsdyrkort. Salg av reinskort til jegerar busatt i Eikesdal, Eresfjord, Bugge og Vistdal.

I tillegglegg styret til rette for friluftsliv, og driv med oppsyn og informasjon. Vi har oppsynsavtale med Statens Naturoppsyn. 

Fotoutstilling ved Aursjøen

Etter Aurautbygginga på 1950- talet overtok Nesset Fjellstyre ei anleggsbrakke ved Aursjøen. Den er i tilnærma original stand. Nesset Fjellstyre har her laga ei fotoutstilling som syner aktivitet i og kring Aursjøen frå steinalder fram til moderne tid. Vi kan nemna steinalderbuplassar, jakt- og fangstaktivitet, seterdrift, turistferdsle og kraftutbygging. Brakka står open, gratis adgang.

Jakt og Fangst i Nesset

Nesset Fjellstyre står som utgjevar av boka "Jakt og Fangst i Nesset". Boka er på 304 sider, og omtalar mellom anna reinsjakt, hjortejakt, småviltjakt og fellefangst frå steinalder fram til vår tid. Her er og artiklar om jakt under siste verdenskrig, om rovdyrjakt og om dei fyrste kvinnene som jakta i Nesset. Boka er framleis til salgs, pris kr. 150 + eventuell frakt. Kontakt Nesset Fjellstyre.

Nesset Fjellstyre - Fjellova - Statskog

Nesset Fjellstyre vert valgt av Nesset Kommunestyre for 4 år. Styret forvaltar Statsallmenninga gjennom Fjellova, og representerer brukarinteressene i fjellet. Statskog SF er grunneigar.

Medlemmer i Nesset Fjellstyre 2016-2019:

StillingMedlemmerAdr./tlfPersonleg varamedlem
StyreleiarNikolai Finset

6472 Eikesdal 

Mob. 97601277

Jon Sæter, Eikesdal
NestelaiarToril Melheim Strand, Eresfjord Linda Viken Lied, Eresfjord
 Else Janne Sæter, Eikesdal Olav Finnset, Eikesdal
 Knut Arne Bugge, Boggestranda Stig Arild Arvesen, Eresfjord
 Stein Ivar Bjerkeli, Vistdal Joakim Lange, Vistdal
Sekretær/oppsynDag Ringstad

6470 Eresfjord  

Mob. 41417374

 
Adresse: Nesset Fjellstyre, 6470 Eresfjord
Mob. sekr./oppsyn: 41417374

 

Bankkonto: 4106.63.05544
Org.nr: 975 724 506

Heimeside: www.nessetfjellstyre.no
​E-postnesset@fjellstyrene.no