Fiske i Eresfjord og Vistdal statsallmenning

Ytste Stordalsvatnet. Foto: Dag Ringstad

Både i Aursjøen og i vatna i Stordalen, Sandgrovbotnen og Mardalsbotnen kan ein få stor og fin fisk. I dei fleste vatn finn ein aure, medan det i Aursjøen og er harr. Stordalen er ypperleg for flugefiske.

Kortsalg

Kortsalg gjennom Inatur.

Prisar

1 døgn:

kr 80,-

2 døgn:

kr 130,-

Veke:

kr 305,-

Sesong:

kr 460,-

Fiskereglar

Fiske er lovleg i tidsrommet 1. juni til og med 10. september.

Det er lov å fiske med garn (settegarn), stang, oter og handsnøre. På grunn av smittefare er det kun lov å bruke meitemark og magot som levande agn.

Alt fiske krev gyldig fiskekort. Kort må kunne synast fram ved kontroll av oppsyn. Born under 16 år har rett til gratis fiske med stang, handsnøre og oter.

Bruk av båt med motor er kun lovleg på Aursjøen.

Utlendingar kan fiske med stang.

Minste maskevidde i Aursjøen er 35 mm., elles fri maskevidde. Eit garn er inntil 25 m langt, og inntil 2 m djupt.

Garn skal vere merka med namn.

Fiske med garn er forbode i elver, loner og bekker, og nærare enn 50 m frå inn- og utløpsoser.

Fiskarar med adresse Eikesdal, Eresfjord, Vistdal og Bugge, og som har vore busett der siste året, får fiske med fritt tal garn i alle vatn. Andre fiskarar 3 garn pr. person. I Aursjøen får alle fiske med fritt tal garn.

Fangstrapportering

Som ein del av arbeidet med forvaltinga av fiskevatna ynskjer Nesset Fjellstyre tilbakemelding på resultatet av fisket. Vi ber om at du returnerer fiskekortet med opplysningar om kor mange fiskar du har fått, samla vekt, og kvar du har fiska. Av dei innsendte fangstoppgåvene vert det trekt eit gåvekort på kr. 500,-.

Adresse: Nesset Fjellstyre, 6470 Eresfjord
Mob. sekr./oppsyn: 41417374

 

Bankkonto: 4106.63.05544
Org.nr: 975 724 506

Heimeside: www.nessetfjellstyre.no
​E-postnesset@fjellstyrene.no