Småviltjakt i Eresfjord og Vistdal statsallmenning

I Eresfjord og Vistdal Statsallmenning finn ein mest fjellrype og skogsrype, men der er og ein del hare. Vestsida av Aursjøen og Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen er gode jaktområde.

Kortsalg

Kortsalg gjennom Inatur.

Prisar

1 døgn:

kr. 165,-

2 døgn:

kr. 265,-

Veke:

kr. 435,-

Sesong:

kr. 610,-

Jakt med hund

Arealet for jakt med hund er avgrensa til to område aust og vest for Aursjøen. For kjøp av kort kontakt Nesset Fjellstyre. To kort pr. periode.
For jakt med hund gjeld ein "Bag limit" på 2 ryper pr. dag.

Priser

Mandag-torsdag (4 dagar):

kr. 710,-

Fredag-søndag (3 dagar):

kr. 610,-

Jaktreglar

Jakttida for rype og hare er frå og med 20. sept. til og med 23.des.

"Bag limit" to ryper pr. dag.

Alle jegerer må ha betalt jegeravgift.
Unntak for born mellom 14 – 16 år under opplæring. Dei kan delta i småviltjakt med gevær, dersom dei er under oppsyn av erfaren jeger over 20 år. Denne må ha betalt jegeravgift, og ha jakta i minimum 3 år.

Alle jegerar må ha løyst jaktkort utstedt av Nesset Fjellstyre.

Til småviltjakt er det berre lov å bruke haglegevær med inntil 2 skot, og rifle. Patroner med blyhagl er av miljøomsyn forbode.

Det er ikkje lov å jakte frå bil, båt, eller andre motoriserte kjøyretøy.

Den som skal jakte er sjølv ansvarleg for å halde seg oppdatert på gjeldande reglar for jakttider, våpen og ammunisjon.

Fangstrapportering

Som ein del av arbeidet med forvaltninga av småviltet ynskjer Nesset Fjellstyre tilbakemelding på resultatet av jakta. Vi ber om at du returnerer jaktkortet med opplysninger om fangst, tal dagar jakta og i kva område du har jakta. Av dei innsendte fangstoppgåvene vert det trekt eit gåvekort på kr. 500,-.

Adresse: Nesset Fjellstyre, 6470 Eresfjord
Mob. sekr./oppsyn: 41417374

 

Bankkonto: 4106.63.05544
Org.nr: 975 724 506

Heimeside: www.nessetfjellstyre.no
​E-postnesset@fjellstyrene.no