Jaktkort på rein 2019

23.9.2014 076.JPG

Minner om at søknadsfristen for jaktkort på rein i Eresfjord og Vistdal statsallmenning 2019 er 1. mai. Alle som er registrert busatt i Eresfjord, Vistdal, Bugge og Eikesdal pr. 1. november 2018 kan søkje. Dei som hadde kort i 2018 vert trekt ut sist. Prisane er uendra frå 2018: Fritt dyr kr. 4350, kluftbukk kr. 3400, simle/ungdyr kr. 2250, kalv kr. 1100. I Snøhetta aust kr. 500 billigare for alle typer dyr. Søknadsskjema finn de elektronisk på vår heimeside, eller på Coop Eresfjord, Vistdal S. lag, Nikolai Finset , eller hjå Knut Arne Bugge. Resultatet av trekninga vert gjort kjent på vårt jaktcruise på Eikesdalsvatnet fredag 24. mai.

Dag Ringstad