Nesset Fjellstyre skal endre namn til Eresfjord og Vistdal Fjellstyre

Nesset fjellstyre logo.JPG

Nesset Fjellstyre har gjort samrøystes vedtak på at fjellstyret skal endre namn frå Nesset Fjellstyre til Eresfjord og Vistdal Fjellstyre. Endringa skal skje samstundes med at Nesset kommune vert slått saman med Molde og Misund kommunar til Molde kommune 1.1.2020. Fjellstyret får då tilbake det opphavlege namnet som det hadde frå 1927 til 1964. Eresfjord og Vistdal kommune vart då slått saman med Nesset kommune og namnet vart endra. Fjellstyret får no det same namnet som statsallmenninga, Eresfjord og Vistdal Statsallmenning. Fjellstyret meinte det ville vere feil at ein tok namnet Molde Fjellstyre, då folk i liten grad vil kople dette namnet til fjellområdet som fjellstyret administrerer.

Dag Ringstad