søknadsskjema villreinjakt

Informasjon

JEGERANE MÅ HA BETALT JEGERAVGIFT OG BESTÅTT SKYTEPRØVE.

Alle som er registrert i folkeregisteret som busatt i gamle Eresfjord og Vistdal kommune pr. 1. november året før er søknadsberettiga til reinskort i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning.

Snøhetta vest.

Alle som er søknadsberettiga kan søkje om jaktkort i Eresfjord og Vistdal statsallmenning, men den som hadde kort året før vert trekt ut sist.

Snøhetta aust.

Alle som er søknadsberettiga kan søkje om reinskort i heile Eresfjord og Vistdal Statsallmenning. Dette sjølv om du hadde kort året før.

Søkjarar i begge områda som får overført jaktkort under jakta kan søkje om jaktkort året etter.

Jegerar som vert trekt ut med fritt dyr i begge områda, men som har hatt fritt dyr dei 5 siste åra, vert flytta til kluftbukk.

For å søkje kan du enten fylle ut skjema nedanfor, eller du kan laste ned søknadsskjemaet, fylle det ut og sende det pr post til Nesset Fjellstyre.

Elektronisk søknadsskjema

Eg ynskjer å vere med på trekning av alle typar reinskort i fylgjande område i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning (kryss av):

For-og etternamn på den som søkje
Kvittering på søknad vil bli sendt til denne adressen.