villreinjakt

Alle som er registrert i folkeregisteret som busatt i gamle Eresfjord og Vistdal kommune pr. 1. november året før er søknadsberettiga til reinskort i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning. Søknadsfrist 1. mai.

Ein kan søkje på reinsjakt i Snøhetta vest, og/eller Snøhetta aust under.

Nesset Fjellstyre har jaktavtalar med Sunndal, Lesja og Rauma, dessutan Eikesdal Sameige og Vike og Hoem Heimraster.

I Eresfjord og Vistdal Statsallmenning er det høve til å danne jaktlag på 2-3 jegerar.

Alle kort som Nesset Fjellstyre sel i Snøhetta aust har eit prisavslag på kr. 500 kr. i høve til prisane i Snøhetta vest.